Adventskonsert i Skaun kyrkje

Søndag 8. desember inviterte Skaun musikkorps til ein variert og stemningsfull adventsstund i skaunkyrkja.

 

IMG_2720

Fotograf: Svein Ole Solfeldt

Det er ein tradisjon at Skaun musikkorps inviterer til adventskonsert tredje søndag i advent. Det er også ein tradisjon at Eggkleiva mannskor er gjestar på konserten. Vi song «Å du heilage», «Jul, jul, strålande jul», «I kärleikens tid», samt «Anthem» med Terje Martin Solfeldt som solist.

Songgleda til skoleongane i Melhus pre Soul Children er stor. Gjennom fire nummer sjarmerte dei skauningane med trygge solistar og mektig korsong. Dei avslutta med songen «God jul til alle», som er skrive av Tormod Leithe frå Melhus.

Hanne Eidsli Solheim frå Skaun og Terje Martin Solfeldt frå Eggkleiva song og spela to songar.

Den største overraskinga denne kvelden var det derimot 14 år gamle Benjamin Kimo frå Eggkleiva som stod for. Med stor frimodighet dansa han åleine til The Nutcracker-dance.

IMG_2725

Fotograf: Espen Tørset – Terje Martin Solfeldt og Hanne Eidsli Solheim

 

 

 

 

IMG_2708

Fotograf: Espen Tørset – Gaute, Ole og Anders er klare for sang. Det ser ut som Ole sjekker pulsen før konsertstart

 

 

IMG_2702

Fotograf: Espen Tørset – Svein Ole og Georg er klar for kyrkjesång.